• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

KJARTAN LAURITZEN
Laurdag kveld 07.08

 

Kjære alle Havgaprockarar! Me kan endeleg avsløre at Kjartan Lauritzen kjem attende for å gjere Havgaprock-comeback! Kven hugsar vel ikkje tilbake til den legendariske kvelden i 2017, då Kjartan og gjengen spelte flettene av publikum på Ulla! Det går framleis gjetord om  stemninga på øya den dagen, og i år blir nok stemninga MINST like bra! 

 

Frå å vere ein unghyn med eit raptalent langt utanom det vanlege, har karen frå Balestrand lagt Noreg for sine føter, med utselde stadionkonsertar gjennom det ganske land! Ikkje berre har han blitt ein av dei største artistane me har i Noreg, men han har også rekt å starta sitt eige livssyn, så han kjem til øya for å gjere oss alle til kjartanistar! Det er eit livssyn som handlar om individet, det å tru på seg sjølv, å spre glede, kjærleik og ikkje minst; Å VERE SNILL! Det er noko me i Havgaprock stolt kan stille oss bak! 

 

Dersom du kjem på konsert med Kjartan, vil du kjenne ein varm følelse stryke deg forsiktig på sjela, og ei stemme vil kviskre deg ømt i øyra: «Dette var ikkje eit dumt val, min gode ven».

 

Det å få denne legenda utatt på øya er utruleg stort! Me vil tørre å påstå at Kjartan er Noregs beste liveartist, så dette blir litt av eit show!

 

Billettsalet er opent, så her er det berre å sikre seg billett til årets happening! DET GLEDAST!

 

Billettar kan du sikre deg her:

tikkio.com/tickets/23888-havgaprock-2021