• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

IDA NIELSEN & THE FUNKBOTS + SON OF LIGHT

Torsdag kveld 05.08

TIME TO GET FUNKY!

Dette er stort! Ei av verdas beste bassistar kjem til Havgaprock 2021!

Ida Nielsen fekk livet sitt snudd opp ned då musikklegenda Prince oppdaga ho i august 2010. Kort tid etter dette vart ho ein del av bandet hans og reiste på turné med han og «The New Power Generation» samt power house rockebandet «3rdeyegirl». Ida var del av banda til Prince frå 2010 til han gjekk bort i april 2016. Ho beskriv det å spele med Prince som «Ei enorm gåve og den mest musikalske reisa nokon gong, og ei lærerik oppleving utan fatteevne».

Etter åra med Prince starta Ida å fokusere på solokariera si. Ho har gitt ut musikk regelmessig og har auka antal turnédøgn sidan 2016 enormt. Ida og bandet «the Funkbots» leverar eit høgenergi-funkshow som er pakka med gode vibbar, heftige grooves og subtile referansar til hennar ftidlegare arbeidsgjevar og lærar, Prince.

Ida vart stemd fram som ein av dei 10 beste basspelarane i verda (saman med medbassist Standley Clarke & Victor Wooten) I den årlege Music Radar poll i 2019! Så dette er stjerne deluxe!

Saman med Ida Nielsen kjem «vår eigen «André Hadland (Son of Light) for å spele! Han har blitt litt av ein øyaven, då han har vore her fleire gongar for å halde musikkvideoverkstad på ungdomsskulen! Han er ein fantastisk rapartist som me gler oss enormt til å høyre saman med Ida Nielsen!

Billettsalet er opent, så her er det berre å sete klar for å sikre seg ein billett til den største artisten som har vore på Havgaprock nokon gong!

Billettar kan du sikre deg her:

tikkio.com/tickets/23888-havgaprock-2021