• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

ERIC & THE HORSEMEN
Laurdag kveld 07.08

 

Havgaprock kan med stor glede avsløre at ålesundsrockarane i Eric & the Horsemen gjer comeback på årets festival!

Med heftige tonar, sylfrekke bassriff og trynsmeltande gitarsoloar spelte Eric & the Horsemen hatten av publikum i 2019 når Havgaprock måtte flytte inn i Nordøyhallen. Med ei blanding av eigenkomponerte låtar og saftige cover frå blant anna The Rolling Stones, Red Hot Chili Peppers og Queen kjem nok gjengen i Eric & the Horsemen til å løfte stemninga til himmels når dei kjem til Ulla 7. august

Ikkje berre skal gjengen spele på Havgaprock i sommar, men du kan også sjekke dei ut på Lamaland, Laavfest og Klimpenrock i tida framover!

Sjekk dei ut på spotify:

https://open.spotify.com/artist/3j9RYj9mEMPziyowc846Kx...

Det gledast!

Billettar kan du sikre deg her:

tikkio.com/tickets/23888-havgaprock-2021

Eric & the Horsemen:

Eric Kjerstad Solheim

Nico Raths

Erlend Juliebø

Jonas Gamlem

Mathias Hast Sørli

Sondre Svorkås