• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

HORIZONS PROJECT

Torsdag kveld 07.08

Havgaprock kan gledeleg meddele at musikarane i Horizons Project kjem til Havgaprock 2021! Bandet slo utruleg godt an då dei var her ute på øya sist, og det musikalske biletet dei leverar er heilt i særklasse, noko publikum på årets festival kjem til å nyte godt av!

Horizons Project er eit 8-mannsband med besetning frå Sula og Ålesund. Badet spelar massiv, svevande og stemningsfull musikk! Det går ein raud tråd gjennom heile produksjonen – det handlar om landskap og metaforar om krefter ein finn i naturen og i oss sjølve. Musikken spenner frå det skjøre til fengande popmusikk med massive lydbileter. Bandet ønskar å skape ein audiovisuell opplevelse der musikken blir ledsaga av bilete og film.

Havgaprock ser veldig fram til at dei fantastiske musikarane i Horizons Project skal enter scena på Ulla om eit par veker! Dette blir heilt fantastisk!

Billettar kan du sikre deg her:

tikkio.com/tickets/23888-havgaprock-2021