• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

              
Havgaprock

Barnehagevegen 37

6290 Haramsøy

tlf: 92288240

havgaprock@gmail.com

ERIC & THE HORSEMEN

Eric & The Horsemen er klare for Havgaprock! 

 

Då er endeleg Havgaprock fullbooka! Havgaprock satsar lokalt og Ålesundsbandet Eric & The Horsemen opnar Havgaprock med lovnad om mektig lyd og stort nærver! Gruppa spelar alt frå ballader ein kan nyte til fartsylt rock & roll. Dei er aktuelle med singlane «Baby Blue» og «When Our Hearts Meet» som kom i juni, samtidig som dei i augneblinken er i studio for å spele inn meir musikk.

 

Eric & The Horsemen skriv og spelar i all hovudsak gitarbasert musikk, der du i tekstane vil finne ærlegheit, nostalgi, håp og nedturar. Eric & The Horsemen gledar seg til å spele på Havgaprock, og håpar å sjå deg i publikum! 

 

Me i Havgaprock gler oss til å høyre Eric & The Horsemen på Havgaprock 2019!

 

Høyr dei på spotify her:

 

https://open.spotify.com/artist/3j9RYj9mEMPziyowc846Kx?si=YWrzEQjQSSSqSUopmTfcQw