top of page

Hagle

  • Sylfrekk country-rap som fengar!

  • Nokre av Noregs mest populære artistar for tida

  • Vart kjend gjennom NRK-serien rådebank

Havgaprock kan stolt meddele at Hagle kjem til bøgda!🤩 Godkarane frå østfold er minst like glade i bygda si som oss, og laurdag 1. juli kjem dei altså til vår bygd for å lage liv! Dette gledar me oss enormt til!

Indre Østfold-bandet Hagle har dei siste åra etablert seg i toppsjiktet av norske artistar når det kjem til streaming og konsertopptredenar, og skyt no fart inn i 2023 med sin gledesspreiande country-rap, som handlar om rånemiljøet og den lokale bygdekulturen der dei vaks opp. 

Med 100 millionar streams, utallige TV-opptredenar, avslutningsshowet på VG-lista og hyppige avspelingar på radio, er det nestan umogleg å ikkje legge merke Hagle i den norske offentligheita om dagen.

Deira unike blanding av banjo, fele, trekkspel og rap har blitt omfavna av heile landet og alle bandet sine singlar har toppa listene på Spotify. Dei første låtane blei plukka opp av NRK- serien Rådebank og fleire av låtane har frekventert på diverse TV-program sidan den gong. Dette er musikk for deg med veteranbil med stort anlegg, som føretrekk tresko føre sneakers og sett allsong i framsetet! 

Så her er det berre å finne fram felleskjøp-fargane og racingjakka, for her blir det show! Havgaprock ser ekstremt fram til stemninga Hagle kjem til å lage når dei kjem til bøgda! 🤩

Høyr dei på spotify:
https://open.spotify.com/artist/4gDfRB8znZzXih7iQ3pGeW?si=HuTHC41bRAGV8aSryZDymA
 
Billettar finn du hjå tikkio:
https://tikkio.com/tickets/35889-havgaprock-2023

bottom of page