• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

              
Havgaprock

Barnehagevegen 37

6290 Haramsøy

tlf: 92288240

havgaprock@gmail.com

LARS OLE GODØ & THE CREW


Lars Ole Godø & the Crew er klare for Havgaprock 2019!

Lars Ole Godø & the Crew overbeviste mange då dei spelte på Havgaprock 2017, og tilbakemeldingane frå publikum var utelukkande særs positive, difor er det med stor glede at me kan ønske dei velkomne attende til verdas finaste festival! 

Lars Ole Godø & the Crew er eit band som vart til i 2015, og bandet bestod då berre av fiskarar. Det var Lars Ole Godø(Gitar/Vokal), Mathias Dimmen Andersen (Gitar). Torstein Dyb (Bass) og Kristoffer Fosse Hohenzollern (Trommer). I ettertid har Simon Roald Trå (gitar), Jim Thomassen (bass) og Jan Håvard Melsæther (trommer) kome til. Frontfigur Lars Ole Godø er frå Godøya, medan resten av bandet kjem frå Ålesund og omegn.
Sidan oppstarten har bandet spelt fleire konsertar med strålande tilbakemeldingar. Dette er eit band dei aller fleste kan like!

Me i Havgaprock er stolte av å kunne presentere lokale musikarar, og me gler oss veldig til å høyre Lars Ole Godø & the Crew kjem attende til Havgaprock 2019!

https://www.youtube.com/watch?v=2VFYSZ61Q7U

https://open.spotify.com/track/7kA39xG0xRRAQPJh3ZWrkF