• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

              
Havgaprock

Barnehagevegen 37

6290 Haramsøy

tlf: 92288240

havgaprock@gmail.com

MAHOGNI

Då er tredje bandpresentasjon for Havgaprock 2019 her! 

I år kan me friste med sydlegare tonar på havgaprock, for i år har me gleda av å ønske MAHOGNI velkommen til verdas finaste festival! 

Mahogni spelar noko så eksotisk som fengande reggaetonar på ekte ålesundsdialekt, noko me i Havgaprock tenkjer kan passe perfekt til ein fager solnedgang på Ulla!

Mahogni består av tre karar frå Ålesund som kjende gleda av å spele spele reggaemusikk på mørke haustdagar, og det viste seg å vere like kjekt å spele sjangeren på andre årstider òg. Mahogni er ikkje hardcore dreadlock rasta, men meir laidback frå tre bekvilte reggae-entusiastar.

Tidegare har dei spelt legendariske og fengande konsertar i lokalområdet, så me har god tru på at Mahogni kan skape sommarstemning med sine varme og eksotiske tonar! 

Me gler oss!

Sjekk dei ut på spotify her:

https://open.spotify.com/artist/02SxUtRJFrX7WNkXVT1jaU…
 

Eller på Soundcloud:

https://soundcloud.com/MAHOGNI-1…