• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

              
Havgaprock

Barnehagevegen 37

6290 Haramsøy

tlf: 92288240

havgaprock@gmail.com

Om oss

Første Havgaprock: Bjørnar Levi Flem, Per Olav Sunde, Vegard Halkjelsvik og Preben Austnes Lorgen

I 2016 såg Havgaprock dagens ljos for første gong. Preben Lorgen hadde lengje gått og tenkt på at å ikkje arrangere eit stort musikkarrangement her ute på øyane, som i våre auger er verdas vakraste plass, er ei skandale. Difor sette han seg ned og la ein slagplan. I starten var det berre idémyldring, men det skulle raskt gå over i praktisk arbeid. Med seg på laget fekk han dei gode kameratane Bjørnar, Per Olav og Vegard, og dermed var det første festivalteamet sett. Det meste vart gjort på kort tid i dei siste månadane før juli, og det vart både seine netter og tidlege morgonar på gjengen. Etter mykje arbeid på kort tid, vart den aller første Havgaprock arrangert i Sandvika på Flem. Det vart ein gedigen suksess, noko som gav meirsmak til gjengen. Karane fann fort ut at her måtte det rekrutterast fleire kameratar og foreldre til festivalteamet, og godkarar som Henrik Åkre, Håkon Longva Haram, Demir Haram, Peter Nyhus Aksnes, Jonas Longva og Cato Longva, Even Vestavik og ei rekkje andre sjeler er alle viktige bidragsytarar til at Havgaprock kan eksistere. Me er ein god kameratgjeng som jobbar saman for å få til at dette, og i tillegg er me heilt avhengige av frivillige som stiller opp for å hjelpe oss. Heldigvis bor me på ein plass der folk står i kø for å hjelpe oss, noko me sett enormt stor pris på! :) 

 

Me i Havgaprock brenn for å skape eit triveleg og levande lokalmiljø, og me vil veldig gjerne gi litt tilbake til lokalsamfunnet vårt, som har behandla oss så godt i oppveksten vår. I våre auge vert det best betalt tilbake i form av god stemning på ein musikkfestival på Haramsøya og Skuløya/Flemsøya! 

 

Me gler oss til fortsettelsen!