• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

              
Havgaprock

Barnehagevegen 37

6290 Haramsøy

tlf: 92288240

havgaprock@gmail.com

OVERNATTING:

 

Dersom ein ikkje vil ta skyssbåt eller ferje heim frå festivalen når den er slutt, er det fleire mogelegheiter for overnatting på Haramsøya og Flemsøya/Skuløya:

 

FESTIVALCAMPEN:

Som alltid vil det bli sett opp ein førsteklasses festivalcamp. Festivalcampen ligg 400 meter frå festivalområdet på ei flott mark mellom Ullanausta og gamleskulen på Ulla. Campen er klar frå fredag kveld. Her vil det vere kjempestas å slå opp telt og høve for å parkere campingvogn. Glasflasker er ikkje tillete og me ber om at alt av boksar og eventuelt anna rusk vert plukka opp og kasta, då graset på denne marka vert brukt til fôr. Det vil vere festivaltoalett på campen. Under festivalen vil det vere vakter utplassert på campen til ei kvar tid.

 

ULLA HAVSPORTSENTER:

På Ulla kan ein leige rom på Ulla Havsportsenter. Her er det flotte rom i ei historisk sjøbod. Meir om overnatting på Ulla Havsportsenter kan ein finne her:

Ulla Havsportsenter.

 

HARAMSØY SMÅBÅTHAMN:

På Austnes kan ein finne husly hjå sjøboda til Haramsøy Småbåtlag. Meir info om overnatting på sjøboda kan ein finne her: 
Haramsøy Småbåtlag.

 

SJUR-OLA SJØSTOVER:

Siste mogelegheit for overnatting på Haramsøya er Sjur-Ola Sjøstover. Dette er fine hytter nede hjå vasskanten på Myskja. Meir om hyttene her: 
Sjur-Ola Sjøstover.

 

GUNNABUDA:

På Flemsøya/Skuløya kan ein leige hytte hjå Gunnabuda. Fantastisk fine hytter i supre omgivnadar. Her kan ein òg leige kayakar og få guida kayaktur. Meir info om hyttene hjå Gunnabuda finn du her: 
Gunnabuda.