top of page
Forfatterens bildeHavgaprock

Første artist klar!

Havgaprock kan med glede annonsere at bandet "Before" er klar for årets festival, og med frontperson frå Harøya må dette nesten berre bli innertiar!

Before er eit band som vart starta hausten 2022, og består av unge musikkstudentar ved NTNU i Trondheim. Låtane dei lagar går innom både pop og rock med sin eigen vri, og dei har difor musikk for dei fleste lyttarar. Allereie etter bandet var mindre enn ei veke gamal fikk dei spillejobb på KNAUS-scena på Studentersamfundet i Trondhjem. Salen var fylt og stemninga i taket! Låtskrivinga til frontsangar Ingrid Elise, som forresten også kjem frå Harøya, har blitt godt omtalt, og det har blitt sagt at dei har ein «internasjonal bris» over seg. Saman med dei andre dyktige musikarane og komponistane i bandet kan stemninga nærast bli magisk<3. Bandet gler seg stort til å vise fram musikken sin på Havgaprock, og Ingrid Elise synest det blir veldig stas å få spele på heimebane. Dei er no i full gang med å spele inn låtar, og dei blir slept på dei fleste musikalske plattformer etter kvart.

Følg gjerne kaoset på Instagram, TikTok og Facebook: before.band

Vokal: Ingrid Elise Steinshamn Gitar: Simen Holtan Bass: Elias Dalan Keyboard: Tobias Solbakken Trommer: Max Aakre Kristiansen

Havgaprock ser enormt fram til å høyre den lovande gruppa under årets festival, og ekstra stas er det at me kan kalle det eit lokalt innslag! Dette blir heilt rått!


Comentários


bottom of page