top of page
  • Forfatterens bildeHavgaprock

Gratiskonsert med Mandarinsaft!

Konsertstart: 13.00 på Nordøy Grendahus.

Kva er vel betre å starte Havgaprockdagen med enn ein gratiskonsert med fantastiske Mandarinsaft?

Laurdag 02.07 kjem Mandarinsaft for å halde gratiskonsert på Nordøy Grendahus frå klokka 13.00 - 15.00. Dette blir eit gratis arrangement med mykje artige aktivitetar! Sparebanken Møre kjem til å stille med mange ulike aktivitetar utanfor grendahuset, og inne kan den som vil få seg ansiktsmåling og ei fantastisk konsertoppleving!

Mandarinsaft består av Even Moen Jennsen og Bendik Ulla og er etterkvart blitt godt kjend på våre trakter, og konsertane deira haustar lovord kvar gong. Even spelte faktisk på Havgaprock for eit nokre år sidan, og no får han med seg Ulla sin store son, Bendik!

Mandarinsaft ga ut si siste barneplate "På vei te en venn på Øra Fonogram" i juni 2018.

Det artigaste gutane i bandet veit er å spele musikk og bruke fantasien. Når du høyrer den nye plata, kan du drøyme deg tilbake til dinosaurane si tid, bli med på sykkeltur i sola eller flyge i vinden med ein paraply. Og kven er eigentleg den mystiske gjesten?

Gruppa tek utgangspunkt i born sine perspektiv og interesser, og det varierte musikalske uttrykket følgast av tekstar som er skrevne med innleving, alvor og humor. Sidan oppstarten i 2011, har Mandarinsaft gjeve ut fem plater og spelt over 900 konsertar. Gruppa består av ein fin gjeng musikarar, med forskjellig musikalsk bakgrunn, ispedd erfaring både frå teater og barne-TV.

Havgaprock gler oss til ein fantastisk start på Havgaprockdagen på Nordøy Grendahus!



bottom of page