• Havgaprock

Havgaprock 2020 er avlyst

Kjære gode Havgaprockarar,


I dag fekk me beskjeden me hadde frykta frå regjeringa – alle arrangement med over 500 deltakarar blir avlyst fram til 1. september. Det betyr at Havgaprock blir nøydd til å ta seg ei ufrivillig pause på eitt år..


Beskjeden var ikkje uventa. Og me i Havgaprock stiller oss sjølvsagt bak regjeringa si avgjersle. Helse og sikkerheit må vere førsteprioritet. Dei siste månadane har vore tøffe for mange, inkludert for oss som skal planleggje ein flott festival for alle dykk! De har nok merka at det vart litt stilt etter den første bandpresentasjonen vår, og det kom av den store usikkerheita me har levd med den siste tida. Skal me presentere band når me ikkje veit om me kan arrangere? Skal me vente med å presentere til me får klarsignal? Det vart til at me avventa situasjonen, og den vart ikkje avklart før i dag. Me kunne nok vore flinkare til å oppdatere, men det har ikkje vore så mykje å skrive heim om den siste tida. Det me kan love er at me skal poste bilete og videoar i sosiale medium fram til 2021 for å gjere ventetida litt kortare.


Når det kjem ei slik krise, er det godt å tenke på at me har vore forsiktige i budsjetteringa av festivalen vår, og ikkje tatt noko store sjansar. Me har drive nøkternt, noko som gjer at me nok skal klare å stable på beina ein festival til neste år. Men det er klart at dette svir for oss. Me har utgifter som skal betalast i år også, og med 0,- i inntekt frå festivalen, vil det ete opp det meste av buffer me har opparbeidd oss. Det betyr nok at me ikkje kan utvide festivalen enda eit hakk neste år, slik me hadde planlagd. Men slik er livet – det er ikkje alltid at alt går som ein hadde planlagd.


Så over til det praktiske:


  • Alle som har kjøpt billett skal sjølvsagt få att pengane dei har brukt på billett til Havgaprock 2020.

  • Den som heller vil gjere om billetten sin til billett for Havgaprock 2021 kan gjere det, men då må me ha beskjed innan 1. juni. Dei som ikkje gir beskjed om å få omgjort billetten sin vil automatisk få att pengane den 1. juni.

  • Dersom du vil gjere om billetten din, er det berre å skrive til oss her på Havgaprock si facebookside, eller sende ein e-post til havgaprock@gmail.com. Merk e-posten din med «billett»

Me er utruleg lei oss for at me ikkje kan arrangere festival for dykk i år. Med ein rykande fersk kulturpris i sekken, var me særs klare for å vise fram kvifor me fekk ein så gjev pris. Og det skulle me gjere med å lage tidenes beste Havgaprock i 2020. Me hadde store planar med ulike nye konsept og aktivitetar som me no må vente eitt år med å presentere for dykk. Det er trasig, men slik er det berre.


Elles må me berre takke dykk alle saman. Alle som spør oss om festivalen, alle som har vore eller hadde tenkt seg på festival, alle samarbeidspartnarar og alle som synest det er kjekt med festival på verdas to finaste øyar. Me kjem sterkt tilbake neste år!


Dersom du har lyst til å støtte Havgaprock fram mot neste festival sjølv om det ikkje vart festival i år, kan du gjere det på desse to måtane:

Tusen takk, alle saman. Me sjåast i 2021!



9 visninger