• Facebook
  • YouTube
  • Instagram
  • Havgaprock

Havgaprock 2021 - Ny dato!


13. - 14. August 2021


Kjære alle havgaprockarar! Det har vore radiotystnad frå oss ei god stund, og det beklagar me veldig! Det har vore særs utfordrande å planleggje noko særleg med festival når me har vore i den koronasituasjonen me har vore i. Og sidan det har vore lite jobbing når alt har vore så usikkert, har det også vore lite nytt å melde heim om. Men no har me altså ei nyheit til alle som er glade i festival!


Me sette opprinneleg siste helga i juni som festivaldato, men sidan det er litt usikkert med korleis ein kan avvikle store arrangement tidleg i sommar, har me kome fram til at det beste er å flytte festivalen til andre sida av sommaren. Me har god tru på at smittesituasjonen - og vaksinesituasjonen vil betre seg såpass i løpet av dei neste månadane at det skal vere ei god moglegheit å lage ein super festival i august!


Så den nye datoen for Havgaprock 2021 vert 13. og 14. august!


Sjølv om me har god tru på at det blir ein super festival, kjem me ikkje til å opne for billettsal før me er heilt 100% sikker. ☺️


Så me håpar at denne flyttinga er forståeleg og at alle gler seg til Havgaprock 2021! Gjerne hjelp oss med å spreie ordet ut til den store verda ☺️


12 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle