• Havgaprock

Sparebanken Møre med ei hjelpande hand!

Her i lokalsamfunnet er me så heldige at me har aktørar som gir støtte til lag, organisasjonar og andre gode formål. Vår hovudpartnar er nettopp ein slik aktør! No som koronakrisa gjer at mange av oss som organiserar aktivitetar eller store arrangement må legge inn årane for i år, har Sparebanken Møre bestemt seg for å bidra til at lokalsamfunnet skal ha eit kulturliv å gå til når krisa er over. Difor var det ein rørt gjeng i Havgaprock når meldinga kom i dag om at SBM vil dekke 15.000,- av det økonomiske tapet me får i år. Dette er noko me verdsett veldig høgt, og me i Havgaprock kan ikkje gjere anna enn å takke så utruleg mykje for støtta me blir vist kvart år.

Me i Havgaprock er stolt over å ha ein hovudpartnar som bryr seg så mykje om lokalsamfunnet og det som skjer der. Frå alle oss i Havgaprock: tusen, tusen takk!



0 visninger