- havgaprock
Strandrydding!
Havgaprock og Sparebanken Møre inviterar til strandrydding!
Sparebanken Møre har utfordra oss til å arrangere strand- og naturryddedag. Saman kan me påvirke klimaendringane, livet i havet, livet på land og lokalsamfunnet vårt. Sett av den 6. juni klokka 10.00 og bli med på årets strand- og naturryddedag!
Me kjem til å leige inn ein kontainer som vil stå på ferjekaia på Austnes, og målet er å fylle denne til randen. Alle kan rydde der dei vil på øyane så lenge det er i fjøra ein plukkar søppelet, men prioriterte områder er særleg frå Kvalvika og mot Stavneset på Haram, då det er der søppelet er mest konsentrert.
Konkurransen vil foregå på den måten at folk kan dele seg inn i grupper på maks fem personar, der gruppa samlar inn så mykje søppel ein klarer i løpet av dagen. Laga som samlar inn mest søppel vinn supre premiar!
Det vil stå ein kontainer på ferjekaia på Austnes, der me i Havgaprock vil stå klar med ei vekt for å måle antal kilo. Me kjem også til å køyre rundt med ein henger, slik at folk kan få nytte seg av den dersom ein ikkje kan bringe søppelet til ferjekaia på Austnes sjølve. Tidene for oppsamling på ulike punkt skal me legge ut etter kvart.
Me oppfordrar folk om å ta med søppelsekk sjølve, men me kjem til å stå på Austnes frå klokka 10.00 for å dele ut søppelsekkar til dei som måtte trenge det.
Me har fått inn nokre fantastiske premiar som vinnarlaga skal få velje i, og me jobbar fortsatt med å få inn fleire godbitar, så her er det berre å slengje seg på!
Premiar:
- Familiebillett til Atlanterhavsparken - Billett for fem personar til Håp i Havet på Finnøya
- Fem gåvekort hjå Barius og Kaktus
- Fem gåvekort på 200,- på Amfi Moa
