• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

              
Havgaprock

Barnehagevegen 37

6290 Haramsøy

tlf: 92288240

havgaprock@gmail.com

Opningstider

 

Festivalen opnar dørene klokka 14:00 på fredag og 17:30 på laurdag.

Festivalen stengjer dørene klokka 21:00 på fredag og 02:30 laurdag.

 

 

Aldersgrense

 

Aldersgrensa er sett til 15 år. Eller det vil seie, alle som er fødd i kalenderåret 2005 kjem seg inn på festivalen. Det er viktig at alle tek med seg gyldig legitimasjon for framsyning til vaktene.

 

 

Alkohol

 

Det vil i år vere alkoholservering på festivalområdet på laurdagen. Fredag er for borna og alkoholfri dag. På laurdag vil det vere sal av øl, vin og cider i eit eige serveringstelt. All servering av alkoholhaldig drikke er regulert av alkohollova. Eigne vakter vil passe på at dette vert overhaldt og ved eventuelle brot vil vedkommande få klipt inngangsbandet og vist vekk i frå festivalområdet.

 

 

Mat/Drikke

 

Det vert sal av Gapburger (både med og utan gluten), potetgull og anna ymse snacks, og alt dette betalar ein med bong som ein får kjøpt på festivalområdet.

For dei som vil ha alkoholfri drikke, vil me selje brus, vatn og kaffi. Alt dette vil ein kunne betale med bong som ein kan kjøpe på festivalområdet.

 

 

Ikkje ta med

 

Flasker, medbrakt drikke, narkotika, dårleg humør.

 

 

Betaling

 

På Havgaprock kan ein betale både med kort, kontant og Vipps! 

 

 

Festivalområdet

NB! Havgaprock 2019 blir innandørs i Nordøyhallen!

Havgaprock 2019 blir atså inne i Nordøyhallen grunna det dårlege veret opp mot festivalen, som har gjort rigging, parkering og camp umogeleg. Nordøyhallen er ein isolert innandørs idrettshall som kan varmast opp til sommarlege temperaturar. Den ligg på Austnes, rett ovanfor Haramsøy skule. Festivalcampen vil bli plassert rett ved sidan av hallen, på fotballbana på Austnes. Alle som vil parkere, kan gjere dette på skuleplassen på Austnes.

Her kan du lese litt om korleis det eigentleg skal vere:

Festivalområdet ligg yst ute på Ulla, rett før ein går over til Kvernholmen og Ulla fyr. Scena er plassert fantastisk til med fjellet Mannen og Ullahornet i forgrunnen og med Ulla fyr og storhavet i bakgrunnen. Framfor scena er det eit naturleg amfi med grasdekke som det er fint å stå og sitje på. Det vil også vere rikeleg med bord og benkar som ein kan sitje på. Sjøen og svaberga er berre 150 meter frå festivalområdet, så det kan vere lurt å ta med seg ei vindtett jakke, då det plutseleg kan kome ein liten blest. Det er også ei fin sandstrand berre 200 meter frå festivalområdet ein kan benytte på eige ansvar. 

Det vil vere toalett på festivalområdet.

 

Sjølve festivalområdet til Havgaprock ligg utanfor verna område, men rett over vegen er det eit naturreservat som me skal respektere. Me i Havgaprock har som mål å arrangere ein så rein festival som mogeleg, og difor bere me alle festivaldeltakarar om å kaste alt rusket sitt i dei oppsette søppelbøttene på området. :)