• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

Opningstider

Festivalen opnar dørene klokka 17:30 på både torsdag og laurdag.

Festivalen stengjer dørene klokka 22:00 på både fredag og laurdag.

Aldersgrense

Det er fri aldersgrense på Havgaprock i 2021!

Alkohol

Av smittevernsomsyn er det i år alkoholfritt på Havgaprock. Dersom ein er synleg berusa vil ein ikkje sleppe inn på festivalområdet.

Mat/Drikke

Det vert sal av Gapburger (både med og utan gluten), potetgull og anna ymse snacks, og alt dette betalar ein med bong som ein får kjøpt på festivalområdet.

Me vil selje brus, vatn og kaffi. Alt dette vil ein kunne betale med bong som ein kan kjøpe på festivalområdet.

Ikkje ta med

Flasker, medbrakt drikke, narkotika, dårleg humør.

 

Betaling

På Havgaprock kan ein betale både med kort, kontant og Vipps! 

Festivalområdet

Festivalområdet ligg yst ute på Ulla, rett før ein går over til Kvernholmen og Ulla fyr. Scena er plassert fantastisk til med fjellet Mannen og Ullahornet i forgrunnen og med Ulla fyr og storhavet i bakgrunnen. Framfor scena er det eit naturleg amfi med grasdekke som det er fint å stå og sitje på. Det vil også vere rikeleg med bord og benkar som ein kan sitje på. Sjøen og svaberga er berre 150 meter frå festivalområdet, så det kan vere lurt å ta med seg ei vindtett jakke, då det plutseleg kan kome ein liten blest. Det er også ei fin sandstrand berre 200 meter frå festivalområdet ein kan benytte på eige ansvar. 

Det vil vere toalett på festivalområdet.

 

Sjølve festivalområdet til Havgaprock ligg utanfor verna område, men rett over vegen er det eit naturreservat som me skal respektere. Me i Havgaprock har som mål å arrangere ein så rein festival som mogeleg, og difor bere me alle festivaldeltakarar om å kaste alt rusket sitt i dei oppsette søppelbøttene på området. :)