• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

              
Havgaprock

Barnehagevegen 37

6290 Haramsøy

tlf: 92288240

havgaprock@gmail.com

Saint Deamon


Havgaprock kan endeleg presentere ein av årets to headlinerar! Saint Deamon er klare for Havgaprock 2019!

 

Saint Deamon Official er eit svensk/norsk band som er godt kjend av power-metal entusiastar både i Noreg og utlandet! Bandet vart skipa i Sverige i 2006 og har sidan det utgjeve to studioalbum og fleire singlar. Saint Deamon spelar melodisk power-metal som kan trollbinde dei aller fleste! Songar som «No Mans Land», «Run For Your Life» eller power-ballada «My Sorrow» er fantastiske songar som kjem til å skape ei perfekt ramme rundt årets Havgaprock! Før har dei spelt på fleire store festivalar, mellom anna på den store festivalen ProgPower i USA!
 

For dei som ikkje kjenner til bandet frå før, er kanskje vokalist Jan Thore Grefstad frå Båtsfjord meir kjend. Dette er ein heilt rå vokalist som overbeviste dei aller fleste då han deltok i tv-programma «The Voice» og «Norske Talenter». Her viste han fram stemmekontroll ut av ei anna verd, noko publikum på Havgaprock berre kan glede seg til! For å sitere Adil Khan: «Det er så bra at jeg blir fysisk dårlig. Du er min favorittsanger i denne konkurransen. Du har noe som er helt unikt. Du har egenart og din egen sound. Du har det og du er fantastisk! Kom deg ut i verden! Du må deles med resten av verden!»
 

Sjekk ut Jan Thore i The Voice her: 
https://www.youtube.com/watch?v=l6PqeCcs9Ck

 

Norske Talenter: https://youtu.be/vKYbkMKDNJc?t=64
 

Og med det blir dette ein historisk dag for Havgaprock. Ikkje berre har me tatt steget til å bli ein todagarsfestival, men no blir me altså internasjonale når svensk/norske Saint Deamon går på scena ute i havgapet! Ein stor dag for oss i Havgaprock!

Me håpar alle gler seg like mykje som oss til årets happening! Dette blir råbra!
 

Høyr Saint Deamon på spotify her:

https://open.spotify.com/artist/3N3B6aZbGPNDiW5aZesnoG…