top of page

Sonic Waste

  • Hardtspelande karar frå Ålesundsområdet

  • Frontvokalist Fredrik Hole Ulla slektar til sjølvaste Ullahammaren!

  • Up and coming!

Sonic Waste er klar for årets Havgaprock! 

Kom og opplev ein eksplosiv kraftpakke frå Ålesund!

Sonic Waste spelar snerten og melodiøs hard rock. Dei har nettopp sleppt sitt debutalbum "AFFECTION WITHOUT DIRECTION" som er tilgjengeleg på alle strøymeplattformer!

Historia om Sonic Waste byrja beskjedent i 2018, men det var ikkje før 2022 at dei tok det definitive steget ut av øvingslokalet og braut barrierane på sin debutkonsert for eit nestan utseld T2 i Ålesund. Og seinare skaffa dei seg meir rutine på scena med opptredenar på Eidsvikafestivalen, Laavfest, Stødt Scena og nå nyleg ein vellukka sleppfest på T2 Scene!

No står Sonic Waste klare til å erobre enda større scener, og neste stopp er Havgaprock! Dei kan knapt vente med å vise seg fram og sette i gang rockefoten til kvar einaste tilskodar.

Med deira lineup beståande av Fredrik Hole Ulla på vokal, Arve Løvik Halsebakk på slagverk, Erik Schulerud Heggem på bassgitar, Jørgen Notø Nesje på leadgitar og Håkon Bjerkgaard på rytmegitar, leverar dei ei oppleving med deira unike blanding av catchy melodiar, raske rytmer og knallhard rock. Dei leverar ein lyd som får publikum til å føle seg levande!

Ikkje gå glipp av sjansen til å høyre på litt god gammaldags rock når Sonic Waste inntek scena på Havgaprock 1-juli. Ta med deg vener, familie og alle rockeentusiastar du kjenner! 

Ein liten kuriosa på tampen kan ein finne i namnet til vokalist Fredrik! Han slektar til sjølvaste Ullahammaren, så då kan me rett og slett seie at me har spikra eit skikkeleg lokalt innslag til årets festival! 

  • Nystarta pop/rockeband frå Trondheim

  • Frontvokalist Ingrid Elise Stenshamn kjem frå Harøya

  • Artist med ein internasjonal "bris" over seg

Before

«Before» er eit band som vart starta hausten 2022, og består av unge musikkstudentar ved NTNU i Trondheim. Låtane dei lagar går innom både pop og rock med sin eigen vri, og dei har difor musikk for dei fleste lyttarar. Allereie etter bandet var mindre enn ei veke gamal fikk dei spillejobb på KNAUS-scena på Studentersamfundet i Trondhjem. Salen var fylt og stemninga i taket! 
Låtskrivinga til frontsangar Ingrid Elise, som forresten også kjem frå Harøya, har blitt godt omtalt, og det har blitt sagt at dei har ein «internasjonal bris» over seg. Saman med dei andre dyktige musikarane og komponistane i bandet kan stemninga nærast bli magisk<3. Bandet gler seg stort til å vise fram musikken sin på Havgaprock, og Ingrid Elise synestdet blir veldig stas å få spele på heimebane. 
Dei er no i full gang med å spele inn låtar, og dei blir slept på dei fleste musikalske plattformer etter kvart.

Følg gjerne kaoset på Instagram, TikTok og Facebook: before.band

Vokal: Ingrid Elise Steinshamn
Gitar: Simen Holtan
Bass: Elias Dalan
Keyboard: Tobias Solbakken
Trommer: Max Aakre Kristiansen

bottom of page