• Facebook
  • YouTube
  • Instagram

              
Havgaprock

Barnehagevegen 37

6290 Haramsøy

tlf: 92288240

havgaprock@gmail.com

Transport

Til/Frå Haramsøya

 

For å kome seg til Haramsøya er det litt forskjellege mogelegheiter. Dersom ein reiser frå Ålesund, er det enklaste å ta hurtigbåten frå skateflukaia. Informasjon om rutetider finn du her: 
Hurtigbåt til Nordøyane.

 

Det vil bli sett opp buss til festivalområdet som korresponderar med hurtigbåtavgangane.

 

Dersom du vil ta med bil over til øya, må ein ta ferje frå Skjeltene ferjekai. Informasjon om rutetider finn du her: Ferje til Haramsøya.

 

Det vil bli sett opp buss til festivalområdet som korresponderar med utvalde gerjeavgongar. Meir info om det kjem seinare.

 

Bussruter frå Ålesund til Brattvåg kan du finne her. Og vidare frå Brattvåg til Skjeltene her.

 

 

Etter festivalen vil det vere mogeleg å ta ferje frå Haramsøya til fastlandet via Lepsøya. Det vert to avgongar, og dei kjem til å vere:
 

01:30 Haramsøya - Lepsøya - Skjelten

02:45 Haramsøya - Lepsøya - Skjelten
 

Det vert sett opp buss som går frå festivalen til ferjekaia på Austnes.

 

Det er også mogeleg å tinge taxibåt til Austnes med Størkå III på tlf 915 10 553.

 

 

 

På Haramsøya:

 

BUSS:

Det blir buss frå ferjekaia på Austnes 16.00 og 17.00. Buss frå Haram 16.40. Buss frå Nogva 17.30. Bussen er gratis.

 

Etter festivalen vil det gå direktebuss frå festivalområdet til ferjekaia på Austnes som korresponderar med ferjeavgongane, før bussen deretter går rondt på øyane.

 

TAXI:

Dersom ein heller vil ta taxi, kan ein ringe til Nordøyane Taxi på tlf 468 33 299.

 

ANDRE:

Det er berre om lag 1 kilometer frå ferjekaia på Austnes til festivalområdet, så her kan ein kombinere festival med sykkeltur! :) Elles så er folket på øyane særs trivelege, så du skal ikkje sjå vekk i frå at du kan haike deg heilt fram! :)

 

 

Meir detaljert transportinfo kjem når det nærmar seg festival!