DRUSAR
Drusar gjer comeback - utelukkande for Havgaprock 2026! 🤟❤️
Nokre band blir berre ein del av sjela til ein festival, og for oss er det ingen tvil: Drusar er Havgaprock sitt yndlingsband. Difor er det med enorm stoltheit og minst like mykje glede at me kan annonsere at dei no gjer comeback, utelukkande for å vere med på jubileumsfeiringa vår!
For fjerde gong vender dei legendariske sunnfjordingane attende til havgapet. Frå første gong dei entra scena har Drusar levert konsertar det framleis går gjetord om - kveldar der bølgjene har slått i takt med riffa, og publikum har fått kjenne på ekte, ufiltrert råkk slik berre Drusar kan levere det.
Det er noko heilt eige med møtet mellom Drusar og Havgaprock. Kanskje er det energien, kanskje er det trøkket - eller kanskje er det berre rein og skjær magi. Uansett kva det er, så veit me éin ting: når Drusar står på scena ute i havgapet, då skjer det noko som ikkje kan forklarast - berre opplevast.
At dei no kjem attende for å vere med oss og feire 10 år sidan starten i Vikane, gjer dette ekstra spesielt. Dette er ikkje berre ein konsert, det er eit gjensyn med gamle vener, ein hyllest til alle dei uforgløymelege augneblikka me har delt, og ei feiring av det Havgaprock handlar om.
Gjer dykk klare for breibeint råkk, låge gitarar, trynsmeltande soloar og eit trøkk som kjem til å kjennast langt inn i sommarkvelden.
Velkomen heim til Havgaprock, Drusar - me har sakna dykk! ❤️🤟
Billettar finn du her:
https://tikkio.com/events/63657
Drusar på Spotify:
https://open.spotify.com/artist/64potAMouAAzKcMzB7z9HJ?si=8f258e39c8714a26
Sikre deg billett no - dette vil du ikkje gå glipp av!