top of page

Odd René Andersen

Gjer deg klar for ei magisk sommarnatt på Nordøyane! Den 4. juli fyllest Ulla med soul, kraft og Noregs kanskje aller råaste stemme. Vi har gleda av å presentere ingen ringare enn vinnaren av Stjernekamp: Odd René Andersen!

Han blir omtalt som Noregs beste soulsangar, med ei heilt unik stemme. Han har ei særegen evne til å kommunisere med, og målbinde publikum. I 2023 gjekk han av med sigeren i Stjernekamp, og gjennom heile sesongen viste han oss at han fordjupar seg i melodiane og gjer dei til sine eigne – uansett kva sjanger han syng.

Odd René har vore soloartist sidan 1996, og har hatt utallege radiohits sidan den gong. Han har dessutan vore supportartist for storheiter som Tina Turner, Joe Cocker og John Hiatt. Odd René var også spesielt utvald korist for Paul McCartney under fredspriskonserten i Oslo Spektrum i 2001.

Odd René har ei eiga evne til å setje akkurat den stemninga han er ute etter å gje publikum, og du skal ikkje sjå heilt bort ifrå at du forlèt festivalen litt varmare om hjartet enn då du gjekk inn.

Me gler oss noko enormt til å høyre Odd René Andersen målbinde Havgaprock på Ulla, 4. Juli!

bottom of page