top of page
tidstyv2.jpg

Havgaprock flyttar inn

Havgaprock flyttar inn

Jun 29, 2026

Grunna dårleg vêr må havgaprock flytte innandørs i år

Havgaprock flyttar inn!⛺️


Etter mykje grubling og konstante vêrsjekkar siste tida, har styret i Havgaprock kome fram til at årets festival blir flytta inn. Vêrsituasjonen med veldig mykje regn + kraftig vind gjer at det blir umogleg å arrangere det på Ulla - det hadde heller ikkje blitt ei kjekk oppleving for nokon.


Men Havgaprock har finevêrsgaranti, så festival blir det likevel, og me skal syte for at Nordøyhallen har sydenstemninga inne når alt brakar laust på laurdag! Me skal legge ut oppdaterte busstider og meir info så fort som råd!😊


Men Havgaprock 2026 blir altså inne i Nordøyhallen på Haramsøya🤟🏻


Billettane finn du her: https://tikkio.com/events/63657

bottom of page