ROCK PÅ NORDFJORDSK!
ROCK PÅ NORDFJORDSK!
8. des. 2024
Tidstyv er klar for Havgaprock 2025, og me gler oss til å høyre rock på ekte Nordfjord-dialekt!
Tidstyv er eitt av dei meir lokale innslaga neste år, og Havgaprock gler seg å høyre punkrock på klingande Nordfjord-dialekt!
Tidstyv er «Eit av landets mest spennande rockeband om dagen», skreiv Checkpoint Charlie Stavanger då dei sørga for ei tidleg booking av Tidstyv.
Med tradisjonsrike røter frå Noregs idylliske Vestland, kjem kritikarroste Tidstyv i ei vill fart. Dei leverar ein fengande og hemningslaus pakke som osar av energi og særpreg. Fronta av Hanne Rye frå Nordfjordeid, botnar dette i ein unik ny sound som sjeldan er høyrd i rocken. Berre etter sine første utgjevne låtar spelte dei på prestisjetunge konsertar som Klubbøya under Øyafestivalen 2023, varma opp for Bokassa på Vulkan Arena og har spelt på ei myriade av landets kulaste scener. Dei har òg fått mange gode meldingar frå mellom anna Ballade, Musikknyheter, Dagsavisen osv.
1. mars 2024 såg den etterlengta debutplata "Det Blir Bra Til Slutt" dagens ljos. Etterfølgt av ein omfattande norgesturné, og etter mange radiolistingar og playlistingar, er det sterke antydningar på ein musikkbransje som følgjer nøye med på «eit av landets mest spennande rockeband om dagen».
Me gler oss til å ønske Tidstyv velkomen til Ulla 5. juli 2025!