top of page
  • Forfatterens bildeHavgaprock

Gratis trylleshow med Daniel Larsen!


GRATIS TRYLLESHOW FOR HEILE FAMILIEN

Daniel Larsen har vore ein av Noregs desidert beste barne og familie underhaldarar i over 30 år og no kjem han til Havgaprock!


Barne- og familieshowa til Tryllekunstnar Daniel er spekka med humor og overraskingar. Han får borna til å hyle, skrike og le før dei blir stumme av forundring over magien og tryllekunsten som utspillar seg på scena framføre dei. Varemerket hans er den sterke kontakta han når med borna på showa sine.

«Kontakten med barna er helt unik» – Barnepedagogisk forbund


Tryllekunstnar Daniel har fleire typar barneshow, alt frå trylleshow og ballongshow til ballong- og trylleskule. I over 25 år har Daniel opptredd med sine familieshow på dei fleste av hotella på Geilo, Gol og Storefjell, han har vore engasjert i parkar som Hunderfossen, Bjørneparken og Tusenfryd, og i drøye 11 år har han hatt ansvaret for borneunderhaldninga på Color Line si ferje mellom Sandefjord og Strømstad.

Havgaprock gler oss noko veldig til Daniel kjem for å lage show for heile familien! I tillegg til trylleshow, blir det ulike aktivitetar, ansiktsmåling og andre sprell! Meir info kjem når datoen nærmar seg!

Aktivitetane startar klokka 17.00, men showet startar klokka 18.00

bottom of page