ADAM DOUGLAS
Adam Douglas klar for Havgaprock 2025!🤩🔥
Adam Douglas er ein hardtarbeidande mann heile året. Konsertane hans spenner breitt, frå rockeklubbar, kredible jazzfestivalar, sommarfestivalar og kulturhus gjennom året, til førjulsturné med full produksjon på dei største konserthusa med An American Holiday. Alltid med dei beste musikarane og eit gjennomtenkt repertoar i samanhengen. Nærvær, innleving live, imponerande gitararbeid og ei sjeldan musikalitet har gitt han livefans over heile spekteret.
Hausten 2023 var travel for Adam med utgjeving av det nye albumet Dancing For The Moon, med tilhøyrande releaseturné og den årlege juleturneen An American Holiday. Adam har ofte med seg framifrå gjesteartistar. Både Christel Alsos og Solveig Slettahjell var gjestar på albumet og releaseturneen, og juleturneen har årleg med seg ein gjest – som Tora Dahle Aagård og Ida Jenshus. Adam er allereie i gang med eit nytt album og vil sleppe dei første låtane i 2024. På konsert kan ein dermed oppleve alt frå heilt nye låtar til kjende songar frå tidlegare utgjevingar.
Adam Douglas voks opp i Oklahoma, USA, og har henta mykje inspirasjon derifrå, mellom anna frå Howlin' Wolf og Ray Charles si flørt med country. Han blandar soul, gospel, jazz og roots i musikken sin. Etter solodebuten i 2013 har Adam gitt ut ei rekke kritikarroste album, og han song seg verkeleg inn i hjarta til det norske folk under Stjernekamp på NRK i 2017.
I 2021 mottok Adam sin første Spellemannpris for studioalbumet Better Angels, og året etter vart han tildelt Bluesprisen under konserten sin på Notodden Bluesfestival – ei stor ære.
I 2025 legg Adam ut på turné med fleire ulike besetningar. Han startar året med ein lengre duo-turné saman med den syngande trommisen Torjus Nevland, og skal i løpet av sommaren veksle mellom å spele med sitt faste band og i duoformatet.
Grunnbesetninga til bandet består av:
Adam Douglas
Thor-Erik Fjellvang, keys
Kjell-Harald Litangen, gitar
Ruben Fredheim Oma, bass
Ruben Dalen, trommer
Bodvar Tornes, lydteknikar
Duoformat:
Adam Douglas
Torjus Nevland, trommer
Bodvar Tornes, lydteknikar
Havgaprock gler oss veldig til å sjå Adam Douglas på scena neste sommar!🤟🏻