top of page
Open Site Navigation

Camp

Festivalcampen:

Som alltid vil det bli sett opp ein førsteklasses festivalcamp på Havgaprock. Festivalcampen ligg 400 meter frå festivalområdet på ei flott mark mellom Ullanausta og gamleskulen på Ulla. Campen er klar frå fredag ettermiddag. Her vil det vere kjempestas å slå opp telt. Det er også høve til å parkere bubil hjå Ulla småbåtlag, men vis hensyn til dei som skal bruke kaia.

Det er aldersgrense 18 år på campen

 

Følgjande er ikkje tillete på campområdet:

 

  • Partytelt

  • Grill

  • Narkotika. Her har me nulltoleranse og politiet vil kontrollere

  • Parasoll

  • Glasflasker

  • Gassflasker

  • Aggregat

  • Møblar

  • Kniv, våpen

  • Dyr

 

Me ber også om at alt av boksar og eventuelt anna rusk vert plukka opp og kasta, då graset på denne marka vert brukt til fôr. Det vil vere festivaltoalett på campen. Under festivalen vil det vere vakter utplassert på campen til ei kvar tid.

 

 

Campen. Ulla småbåthamn til venstre i bilete.

bottom of page