top of page

Om oss

Havgaprock er ein musikkfestival på Haramsøya og Flemsøya/Skuløya på Sunnmøre. Festivalen har eit fokus på rock, men ein kan også oppleve artistar frå andre sjangrar på festivalen vår. Alt av arbeid på festivalen vår er gjort på dugnad, og det frivillige arbeidet er noko me brenn for her ute på øyane. Festivalen vår er non-profit, og dersom det blir eit eventuelt overskot vil dette gå til å skaffe nye artistar neste år.

Havgaprock vart starta av fem kameratar som kjende på at det var deira tur å gi noko tilbake til eit lokalsamfunn som har gitt dei den beste oppveksten dei kunne tenkje seg. Alle karane som starta opp var musikkinteresserte, så då vart det musikkfestival som skulle bli prosjektet. Etter kvart som tida har gått har det kome fleire til i gjengen. Frå å vere fem unge vaksne karar har det no blitt over 12 stykker som brukar fritida si på å lage til noko kjekt for lokalsamfunn og region. Ekstra stas er det at det er ei god blanding av ungdom og vaksne, og me har frivillige frå 16 - 36 i gjengen.

Havgaprock har eit mål om at me skal vere ein festival for alle. Kvart år har me ein dedikert gratis festivaldag for born og familiar. På denne dagen har det vore konsertar, sirkusshow, forskjellige aktivitetar og liknande. Og slik vil det vere kvart år framover også.

Laurdagen i festivalhelga er den klassiske festivaldagen, der det er betalte konsertar i vakre omgivnadar på Ulla på Haramsøya. Her har me hatt rundt 700 i publikum, og det blir fleire og fleire kvart år.

Men Havgaprock er ikkje berre musikk. Me som jobbar med festivalen er lidenskapeleg opptekne av å gjere noko ekstra for lokalsamfunnet og plassen me bur på. Anten det gjeld miljø eller ulike aktivitetar. Kvart år arrangerar me strandrydding på øyane for å prøve å gjere ein liten forskjel for miljø og dyreliv. Me er så heldige at me kjem frå eit vakkert og sårbart kystsamfunn, og då er det på sin plass at me jobbar for å halde det ved like. I tillegg til dette har me også arrangert aktivitetar som akebrettløp eller Havgapløpet i samarbeid med Haramsøy idrottslag. Dette løpet er eit terrengløp på Ulla som går opp på Haramsfjellet og nedatt, noko som har vore eit populært tilbod. Framover ser me for oss å gjere endå fleire ulike typar sprell og aktivitetar her ute.

Rockande helsing,

Havgaprock :-)

Oppstartsgjengen frå 2016: Bjørnar Levi Flem, Per Olav Sunde, Vegard Halkjelsvik og Preben Austnes Lorgen. Henrik Åkre var også med på oppstarten.

bottom of page