Informasjon
HAVGAPROCK 5. JULI 2025
HARAMSØYA
Om du ikkje finn det det leitar etter under her, er det berre å kontakte oss på facebook eller på havgaprock@havgaprock.no
Generelt
Åpningstider konsertområdet Laurdag: kl 1700 - kl 0130
Åpningstider festivalcamp Fredag 4.juli kl 1600 til søndag 6.juli kl 1300
Billettar får du kjøpt hjå tikkio
Her får du hjelp dersom du har spørsmål om kjøpte billettar
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Programendringar kan førekome. Kansellering av artistar/band og påfølgjande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gjevast kun ved avlysing av heile arrangementet.
Ein papirbillett er ikkje personlig. Billetten kan brukast av andre, sjølv om det står ditt namn på . Alle typer billetter må byttast inn i armband, som er ditt adgangstegn til festivalområdet. Kvar billett kan kun brukast ein gong, og strekkoden blir scanna. Alle armband skal være festa til arm og låst for at dei skal gjelde som adgangsteikn. I det du har festa armbandet på, er dette å regne som personleg og kan ikkje delast med andre.
På Havgaprock kan ein betale både med kort og vipps. Me anbefalar alle å ta med kort, då kortterminalane har god dekning heile tida. Dette er ikkje tilfelle med telefon.
Ein kjem inn på Havgaprock det året ein fyller 15 år
Her kjem busstidene på Havgaprock 2025: Vatneruta
16.15 Vatne (Senteret)
16.20 Eidet (Best)
16.50 Søvik (Systra)
17.00 Lausund 17.10 Austnes
17.20 Ulla
Retur: 01.40 Ulla 01.50 Longva
02.00 Ulla
02.10 Ulla
02.20 Austnes
02.30 Lausund
02.40 Søvik
03.00 Eidet
03.10 Vatne
Brattvågruta
16.00 Brattvåg (ID Huset)
16.10 Hildre (Haram industrier)
16.20 Skjelten
16.40 Haram
16.50 Austnes
17.00 Ulla
17.10 Austnes
17.20 Ulla
Retur
01.40 Ulla
01.50 Austnes
02.00 Ulla
02.15 Ulla
02.25 Austnes
02.35 Haram
02.50 Skjelten 02.55 Hildre
03.10 Brattvåg
Ålesundsruta
15.45 Terminalen
16.00 Moa
17.15 Ulla
02.10 Ulla
03.00 Moa 03.15 Terminalen
Harøyruta
16.30 Steinshamn (Coop prix)
16.40 Myklebust (ferjekaia)
16.50 Fjørtofta (Nordøyvegen)
17.00 Longva
17.05 Flem
17.15 Ulla
Retur:
02.10 Ulla
02.20 Flem
02.25 Longva
02.35 Fjørtofta
02.45 Myklebust
02.55 Steinshamn --------------------------------
På øya kan ein også nytte Lokaltaxi Haram. Dei kan du nå på tlf 70213900
Det er salg av alkohol på Havgaprock. Me sel øl, vin, cider og andre lettdrikelege læsker
Det vert sal av Gapburger (både med og utan gluten), potetgull og anna ymse snacks, og alt dette betalar ein med bong som ein får kjøpt på festivalområdet
Me vil også selje brus, vatn og kaffi. Alt dette vil ein kunne betale på same måten
Medbrakt mat og drikke
Grill/anna påtenningsutstyr
Skarpe gjenstandar, t.d. paraply
Hund eller andre husdyr
Video- eller lydopptaksutstyr
Speilreflekskamera
Selfie-stang
Flasker og termosar
Gjenstander forbudt etter norsk lov
Vaktene har myndigheit til å nekte deg å ta med gjenstandar inn på festivalområdet, men dei kan også utvise skjønn om du har spesielle behov.
Festivalområdet ligg yst ute på Ulla, rett før ein går over til Kvernholmen og Ulla fyr. Scena er plassert fantastisk til med fjellet Mannen og Ullahornet i forgrunnen og med Ulla fyr og storhavet i bakgrunnen. Framfor scena er det eit naturleg amfi med grasdekke som det er fint å stå og sitje på. Det vil også vere rikeleg med bord og benkar som ein kan sitje på. Sjøen og svaberga er berre 150 meter frå festivalområdet, så det kan vere lurt å ta med seg ei vindtett jakke, då det plutseleg kan kome ein liten blest. Det er også ei fin sandstrand berre 200 meter frå festivalområdet ein kan benytte på eige ansvar.
Det vil vere toalett på festivalområdet.
Sjølve festivalområdet til Havgaprock ligg utanfor verna område, men rett over vegen er det eit naturreservat som me skal respektere. Me i Havgaprock har som mål å arrangere ein så rein festival som mogeleg, og difor bere me alle festivaldeltakarar om å kaste alt rusket sitt i dei oppsette søppelbøttene på området. :)
Overnatting
Som alltid vil det bli sett opp ein førsteklasses festivalcamp. Festivalcampen ligg like ved festivalområdet på ei flott mark rett ovanfor sandstranda i Råvika på Ulla. Campen er klar frå fredag ettermiddag. Her vil det vere kjempestas å slå opp telt. Det er også høve til å parkere bubil hjå Ulla småbåtlag, men vis hensyn til dei som skal bruke kaia.
Følgjande er ikkje tillete på campområdet:
Partytelt
Grill
Narkotika. Her har me nulltoleranse og politiet vil kontrollere
Parasoll
Glasflasker
Gassflasker
Aggregat
Møblar
Kniv, våpen
Dyr
Me ber også om at alt av boksar og eventuelt anna rusk vert plukka opp og kasta, då graset på denne marka vert brukt til fôr. Det vil vere festivaltoalett på campen. Under festivalen vil det vere vakter utplassert på campen til ei kvar tid.
Campen, like ved festivalområdet.
På Ulla kan ein leige rom på Ulla Havsportsenter. Her er det flotte rom i ei historisk sjøbod. Meir om overnatting på Ulla Havsportsenter kan ein finne her: Ulla Havsportsenter
På Austnes kan ein finne husly hjå sjøboda til Haramsøy Småbåtlag. Her er det også flott laga til for bubil og campingvogn. Meir info om overnatting på sjøboda kan ein finne her: Haramsøy Småbåtlag
Siste mogelegheit for overnatting på Haramsøya er Sjur-Ola Sjøstover. Dette er fine hytter nede hjå vasskanten på Myskja. Meir om hyttene her: Sjur-Ola Sjøstover
På Flemsøya/Skuløya kan ein leige hytte hjå Gunnabuda. Fantastisk fine hytter i supre omgivnadar. No har dei og ei flott utandørs badstu å vise til! Her kan ein òg leige kayakar og få guida kayaktur. Meir info om hyttene hjå Gunnabuda finn du her: Gunnabuda
Berre ein 20-minutts køyretur unda Haramsøya ligg Brattvåg Fjordhotell. Her er det flotte rom som ein kan booke seg til festivalhelga. Meir finn du her: Brattvåg Fjordhotell
Systra Hotell i Søvika ligg berre 12 minutt frå Haramsøya. Meir finn du her: Systra Hotell
På Finnøya kan du overnatte i vakre Finnøy bryggehotell. Meir info her: https://finnoybryggehotell.no