JORN
Han blir ofte kalla ein av vår tids største rockesongarar, the Norse God of metal, leiaren av klassisk hardrock si renessanse på aller høgste nivå. Jorn har markert seg i rockehistoria som ei ekte legende.
Vokalkapasiteten hans er i verdsklasse, med eit særpreg, fylde og ein enorm rekkevidd. Jorn har jobba hardt gjennom åra med over 50 utgjevingar bak seg, noko som har gjort han kjend verda over. Ikkje berre for stemma, men også som ein dyktig låtskrivar og tekstforfattar.
Katalogen til Jorn er for lang til å ramse opp i ei kort pressemelding, men hans nyskapande og kreative evner har selt millionar av plater verda over. I samarbeid med musikarar på aller høgaste nivå har han jamleg vore på salgslistene over heile verda.
Bandet hans, JORN, har totalt 21 utgjevingar sidan det vart starta i 2000. Det siste albumet Over The Horizon Radar, vart sleppt i 2022 og har fått anerkjenning overalt. JORNs rocketokt viser ingen teikn til å minke farta med det første.
JORNs besetning har endra seg gjennom desse 25 åra, og Jorn er kjend for å jobbe med dyktige musikarar som alle bidreg med sitt særpreg til både konsertar og utgjevingar. Jorn leverer vokalen sin framfor ei kraftig musikalsk vegg; gitaristane Tore Moren og Adrian SB, bassisten Øyvind Strønen, trommeslagaren Francesco Jovino og Alessandro Del Vecchio på tangentar. Samla treff dei deg som eit godstog du aldri får nok av.
I tillegg til hovudbandet sitt, JORN, har Jorn også fronta og delteke i mange ulike band og prosjekt gjennom åra. Han har mellom anna turnert verda rundt fleire gonger sidan 2008 med metalloperaen Avantasia. Du finn til og med Jorn i den digitale spelindustrien som karakteren Karthus i League of Legends sitt virtuelle metallband Pentakill.
Bandet JORN held fanen for klassisk hardrock høgt heva, driven av kjærleiken til musikken og samspelet med dei som elskar rock