Tina Celebration
Tina Turner Celebration til Havgaprock 2026!🤩
Gjer deg klar for ei musikalsk kraftpakke når Tina Turner Celebration kjem til Havgaprock 2026!🙌🏻
Dette dedikerte tribute-bandet hyllar ei av musikkhistoria sine aller største artistar – den legendariske Tina Turner. Bak prosjektet står erfarne musikarar frå Sunnmøre som saman har skapt eit show fylt med energi, speleglede, soul, rock og dei ikoniske låtane som gjorde Tina Turner til ei verdsstjerne.
Publikum kan sjå fram til udøyelege klassikarar som What's Love Got To Do With It, Proud Mary, River Deep - Mountain High, Nutbush City Limits, Private Dancer og sjølvsagt Simply The Best. Her blir det allsang, dansing og ei musikalsk reise gjennom ein av dei mest imponerande karrierane i pop- og rockhistoria.
Med sterk vokal, eit drivande band og smittande speleglede er Tina Turner Celebration klare for å skape festivalstemning ved havet og gi publikum ei oppleving dei seint vil gløyme.
Bandet består av:
Line Karin Klokk – vokal
Anders J. Pracy – gitar
Håkon Myklebust – gitar
Hans Gunnar Bruseth – bass
Kai Robert Vartdal – keys
Knut Ove Flovik – trommer
Thore Senneset – saksofon
Lillian Nærø Iversen – kor
Eva Kristin Svinø – kor