Tora Daa
TORA DAA TIL HAVGAPROCK PÅ ULLA 4. JULI!🔥
Me gler oss stort til at TORA DAA kjem til Havgaprock på Haramsøya! TORA DAA er eit fyrverkeri av eit band med stjernegitarist og vokalist Tora Dahle Aagård i front. Med sin unike leikne virtuositet og energiske musikalitet har ho bygd eit globalt publikum, og bandet haustar jublande meldingar for sine kruttsterke liveshow. Musikken vert karakterisert som smittande og tidlaus, og Tora vert ofte samanlikna med storleikar som Prince, John Mayer og Michael Jackson.
september slepper Spellemann-nominerte TORA DAA sitt etterlengta fjerde album «Prayer and Pleasure». Det vert markert med ein omfattande releaseturné i både inn- og utland. Tidlegare i år fekk Tora det ærefulle oppdraget å komponere eit tingingsverk for Trondheim Jazzfest – omtalt av festivalsjefen som «det beste i historia til festivalen». Verket utgjer kjernen i det komande albumet.
Forutan å ha spelt på fleire av dei største festivalane i landet, har TORA DAA turnert i store delar av Europa. Mellom karrierehøgdepunkta finn vi opptreden i Royal Albert Hall, og ho har medverka på utgivingar med internasjonale stjerner som Aaron Sterling og Cory Wong. Tora er også internasjonal ambassadør for franske Marceau Guitars.
Bandet vart danna i Flatanger i 2011 og består i dag av Tora Dahle Aagård (gitar/vokal), Isak Seltveit (bass), Guri Tranås (kor), Anders Brønstad (gitar) og Magnus Galguften (trommer).
Sagt om TORA DAA live:
«Det sprakar av energisk girl power, rocka virtuositet, leikenheit, og kruttsterk speleglede når Tora og bandet står på scena.» Moldejazz
«For ein maktdemonstrasjon av ein konsert! TORA DAA hadde publikum i si hule hand frå første låt, starta hardt og økte på.» Bærum kulturhus
Me sjåast på Ulla på Haramsøya 4. juli!🤩