![](https://static.wixstatic.com/media/aaeb21_1cf8683dd1054a249bb783d3177db0ee~mv2.jpg/v1/fill/w_980,h_980,al_c,q_85,usm_0.66_1.00_0.01,enc_avif,quality_auto/Ylvis2.jpg)
YLVIS
Etter fleire år med låtar frå Sogn som har blitt festfavorittar, og gamle hits som har sendt dei til toppen av listene i USA og Japan, er det ei glede å ha Ylvis på plakaten for 2025. Fredag 5. juli inviterer brørne til hitparade.
Som i suksess-serien “Ylvis i Sogn” tek Vegard og Bård Ylvisåker med seg veslebror Bjarte, saman med eit rått lag av musikarar. Med låtar frå VGTV-serien sin og ei rekkje virale hits på menyen, har vi mykje å gle oss til når komikarane inviterer til fest. Det blir garantert gjenhøyr med gamle slagarar som Stonehenge og Egeland, i tillegg til nyare hits som Skaol Skadle og Firkantfar. Og ingen bør bli overraska om både lunken mat og rev dukkar opp på menyen!
Havgaprock gler oss enormt til å sjå og høyre Ylvis sine mange sprell på Ulla 5. juli neste år!