
Havgaprock i rute
Havgaprock i rute
21. mars 2025
I dag har det vore god jobbing i havgap-gjengen! Kanskje du kunne tenkje deg å bli med på laget?
Det har ikkje vore så mykje aktivitet her på nett på ei stund, men no er me endeleg i gong for alvor. I dag har det vore arbeids+tacomøte på arbeidslaget og nye, meir eller mindre eminente planar har sett ljoset åt dagen! Mellom anna har me fått organisert oss i ulike arbeidsgrupper slik at årets festival skal bli den beste versjonen av Havgaprock til no!
Det me ser at me må bli flinkare på er å invitere fleire til å bli med i gjengen - spesielt jenter! Som ein ser på biletet der det litt karatungt, så for å lage ein enda betre festival hadde det vore kjekt å fått inn fleire jenter på laget. Me er ei særs kjekk og inkluderande gruppe (synest me sjølve i alle fall) med engasjerte sjeler frå 17 - 39 år, så her er det plass til dei fleste :-)
Dersom du kunne tenkje deg å vere med å forme Havgaprock i tida framover kan du melde deg til Henrik Åkre på tlf. 412 13 820 eller sende ein e-post til havgaprock@havgaprock.no
Rockande helsing,
Havgaprock