top of page
tidstyv2.jpg

Tora Daa til Havgaprock!

Tora Daa til Havgaprock!

27. apr. 2026

Stjernegitarist Tora Dahle Aagård tek med seg bandet sitt til Ulla på Haramsøya 4. juli.

Me gler oss stort til at Tora Daa kjem til Havgaprock! Bandet er eit fyrverkeri med stjernegitarist og vokalist Tora Dahle Aagård i front. Med sin unike, leikne virtuositet og energiske musikalitet har ho bygd eit globalt publikum, og bandet haustar jublande meldingar for sine kruttsterke liveshow. Musikken vert karakterisert som smittande og tidlaus, og Tora vert ofte samanlikna med storleikar som Prince, John Mayer og Michael Jackson.


Nytt album og internasjonal suksess


I september slepper Spellemann-nominerte Tora Daa sitt etterlengta fjerde album, «Prayer and Pleasure». Utgivinga vert markert med ein omfattande releaseturné i både inn- og utland. Tidlegare i år fekk Tora det ærefulle oppdraget å komponere eit tingingsverk for Trondheim Jazzfest – eit verk som av festivalsjefen vart omtalt som det beste i historia til festivalen, og som utgjer kjernen i det komande albumet.


Ein gitarist i verdsklasse


Forutan å ha spelt på fleire av dei største festivalane i landet, har Tora Daa turnert i store delar av Europa. Mellom karrierehøgdepunkta finn vi opptreden i Royal Albert Hall, og ho har medverka på utgivingar med internasjonale stjerner som Aaron Sterling og Cory Wong. Tora er dessutan internasjonal ambassadør for franske Marceau Guitars.


Bandet vart danna i Flatanger i 2011 og består i dag av:


Tora Dahle Aagård: gitar/vokal

Isak Seltveit: bass

Guri Tranås: kor

Anders Brønstad: gitar

Magnus Galguften: trommer


«Det sprakar av energisk girl power, rocka virtuositet, leikenheit, og kruttsterk speleglede når Tora og bandet står på scena.»

— Moldejazz


Me sjåast på Ulla på Haramsøya 4. juli!

bottom of page