YLVIS TIL HAVGAPROCK
YLVIS TIL HAVGAPROCK
22. des. 2024
Etter fleire år med låtar frå Sogn som har blitt festfavorittar, og gamle hits som har sendt dei til toppen av listene i USA og Japan, er det ei glede å ha Ylvis på plakaten for 2025.
Som i suksess-serien “Ylvis i Sogn” tek Vegard og Bård Ylvisåker med seg veslebror Bjarte, saman med eit rått lag av musikarar. Med låtar frå VGTV-serien sin og ei rekkje virale hits på menyen, har vi mykje å gle oss til når komikarane inviterer til fest. Det blir garantert gjenhøyr med gamle slagarar som Stonehenge og Egeland, i tillegg til nyare hits som Skaol Skadle og Firkantfar. Og ingen bør bli overraska om både lunken mat og rev dukkar opp på menyen!
Havgaprock gler oss enormt til å sjå og høyre Ylvis sine mange sprell på Ulla 5. juli neste år!