top of page

Bigbang

  • Starta av Øysten Greni i 1992

  • Eitt av Noregs viktigaste rockeband dei siste 30 åra

  • Kjem med nytt album i vår

Bigbang er klare for Havgaprock 2023!

Havgaprock kan endeleg avsløre at legendene i Bigbang kjem til øyane for å trollbinde publikum den 1. juli 2023! Bigbang har vore eitt av dei viktigaste norske rockebanda dei siste 30 åra, og no kjem dei sjølvsagt til Havgaprock!

Ein reflekterar kanskje ikkje så mykje over over at Bigbang er ein trio, at all lyd som kjem frå scena er produsert av kun tre musikarar. Der dei aller fleste rockband treng fire eller fem medlem for å halde skuta flytande, kvilar trioen seg på musikalsk dyktigheit og dynamikk. Bass, trommer og ein gitar. Det er klart det mest krevjande men kanskje også det edlaste bandformatet. Når det funkar så kan det bli magisk, sjå berre på Cream, Nirvana eller The Jimi Hendrix Experience, og hjå Bigbang funker det.

Olaf, Niko og Øystein er ikkje originalbesetninga, men det er utvilsamt denne konstellasjonen som har definert bandet. Olaf Olsen, lett gjenkjenneleg bak trommene og ein ettertrakta bidragsytar for andre når han ikkje er på vegen med Bigbang. La oss heller ikkje gløyme at han er ein av to Olsens i bandprosjektet til sin bror (Todd) Terje. Nikolai Hængsle, nok ein travel mann, både som bassist par excellence og som musikkprodusent. Fast inventar i Elephant9, og om du ikkje har høyrt hans prosjekt Band of Gold er det på tide å sjekke det ut.

Som bandets vokalist, gitarist og låtskrivar er Øystein Greni bandets tydelege frontmann og den einaste konstanten sidan starten. Øystein vaks opp i ein heim med mykje musikk og mykje vinylplater. Far Thor S. Greni har sjølv bakgrunn som vokalist i The Undertakers Circus, men dagjobben var på Levi´s som delte bygning med fleire plateselskap. Nokon fekk 501 og Thor fekk plater, ofte dei litt alternative som aldri blei gitt ut her heime. Lisje Øystein levde med ei voksen platesamling og var med på bandøvingar frå før han kunne snakke, musikken ligg i blodet.

Bak einkvar utgivelse med Bigbang ligg det mykje arbeid og omhug, noko som har bidrege til ei lang rekke listeplasseringar og trofé. Så langt er det likevel inga utgiving som har fått like mykje tid og TLC som årets nye «Le Californie» - takka vere Covid-19. Gjennom nedstengingar, avlysningar og utsetjingar har albumet sakte teke form, og våren 2023 er det endeleg ute. Låtane på det nye albummet osar av sam-spillglede og unike gitarriff som har blitt finslipt gjennom nettopp den lange ventetida. Me kan love nokre heilt nye livefavorittar på toppen av ein allereie velfylt låtkatalog når Bigbang igjen legg ut på vegen.

Havgaprock gler seg noko enormt til at Bigbang står på scena i solnedgangen på Ulla!

Høyr dei på spotify:
https://open.spotify.com/artist/4O5orcvZe8L5RbquVB6YMK...

Billettar finn du på tikkio:
https://tikkio.com/tickets/35889-havgaprock-2023 

  • Starta av Øystein Greni i 1992

  • Eitt av Noregs viktigaste rockeband siste 30 åra

bottom of page